Gilja barnehage

Gilja barnehage

Visjon: Det store i det små

Barnehagane i Gjesdal kommune jobbar saman for å skape barnehagar av høg kvalitet. Vi har barn i fokus og er opptekne av å sikre omsorg og utviklingsstøtte for alle barn. Gjesdal kommune nyttar seg av CLASS som metode for å kartleggje kvaliteten i barnehagane.

Organisering av barnehagen:

Gilja barnehage har 48 plassar.

Antal plassar er utgangspunktet for kor mange årsverk barnehagen får tildelt.

Telefonnummer: 51 61 49 20

Marte Meo:

Barnehagen nyttar seg av Marte Meo som metode.

Personalet er utdanna Marte Meo-praktikarar.

Marte Meo er ein rettleiingsmetode utvikla av Maria Aarts i Nederland for om lag 25 år sidan. Marte Meo kan brukast i alle møter der menneske møtest. Metoden er system- og ressursorientert, og byggjer mellom anna på kunnskap frå den nyare spedbarnsforskinga, på «empowerment»-tankegang og på løysingsfokusert tilnærming (LØFT).

Marte Meo har eit ikkje-dømmande menneskesyn og byggjer på Tilknytingsteorien (John Bowlby er svært sentral).

Video blir brukt som eit sentralt hjelpemiddel.

For oss betyr det å anerkjenne barnet når det viser meistring og positiv åtferd.

Elementa i Marte Meo beskriv kva vi legg vekt på i møtet med barnet. Elementa er:

  • Å benevne barnet
  • Å stadfeste barnet
  • Å følgje barnets initiativ
  • Å stadfeste ønska åtferd
  • Turtaking
  • Å triangulere barn
  • Positiv leiing

Foreldresamarbeid:

  • Å leggje til rette for eit godt foreldresamarbeid
  • Å ha eit aktivt samarbeidsutval

Våre satsingsområde:

  • Relasjonar og kompetanse
  • Språk, kommunikasjon og tekst
  • Kropp, rørsle, mat og helse
  • Natur, miljø og teknologi

Opningstid:

Vi kartlegg foreldra sine behov for opningstid kvart barnehageår, dette legg føringar for opningstida.

Måltid:

  • Barna har med seg niste til frukost
  • Barnehagen serverer lunsj og eit måltid beståande av frukt og grønsaker
  • Vi har både varme og kalde måltid

Matpengar:

Storleiken på plassen avgjer kor mykje føresette betaler i matpengar.

Her finn du oss:

Vår adresse er:
Kroveien 16, 4335 Dirdal 

Kontakt

Gilja barnehage
Telefon 51 61 49 20
Margrethe Lura - styrer Gilja barnehage
E-post
Telefon 51 61 49 21
Mobil 48 38 55 75

Kart