Gjesdal kommune

Søvn

Søvn

Søvn er viktig for både helse og utvikling. Kunnskap hos foreldre om barn sine søvnvaner kan forebygge søvnproblem.

Den første tiden sover spedbarnet fra 16- 20 timer, fordelt over hele døgnet. Etter 6 mnd. sover barnet 10-12 timer om natten og gjerne to ganger à 1- 3 timar om dagen. Ved ettårsalderen blir søvnen redusert til en gang om dagen, og i 2- 3 årsalderen slutter de fleste helt å sove på dagtid.

Søvn føregår i flere stadier, fra lett til dyp. 5- 7 ganger i løpet av natten oppstår det nesten våkenhet eller oppvåkning. Under slike oppvåkningsperioder vil barn som har lært seg å sovne av seg selv vanligvis kunne sove videre uten hjelp fra foreldrene. Barn som ikke har lært det kan våkne opp og trenge hjelp til å sovne igjen.

Modning og utvikling av søvnmønstret

Sova-vakna mønstreret utviklar seg svært raskt i løpet av det første leveåret og vil styrast av modning av nevrale mekanismar [1]. I dei første månadane søv spedbarn opptil 16 timar i døgeret, og ca. halvparten av desse er såkalla REM- søvn (frå engelsk: Rapid Eye Movement). REM – søvn er ein lett søvn der me drøymer, og denne er m.a kjenneteikna av raske augerørsler.

I det første leveåret er kvar søvnsyklus på ca. 60 minutt. Denne søvnperioden startar med REM-søvn, men det endrar seg gradvis fram mot fireårsalderen. Då liknar søvnmønsteret meir det me finn hos vaksne, med syklusar på ca. 90 minutt og med kortare innslag av REM- søvn [2]. Spedbarn har altså fleire og lengre periodar med lett søvn enn større barn og vaksne. Det er gjerne i overgangen mellom søvnfasane når barnet søv lett at det vaknar opp. Det kan òg vera lett å tolka rørsler og lydar i den lette søvnen som oppvakning, og ein bør derfor venta litt med å ta barnet opp for å sjå om det ikkje sjølv fell til ro og søv vidare. Ved aukande alder og modning kan spedbarnet  sova i lengre periodar om natta. Det vil vera individuelle skildnadar i talet på timar med nattesøvn i denne fasen, og store skildnadar på kor mykje hjelp og støtte barnet treng for å sovna igjen etter oppvakning.

Les meir om dette teamet på Helsestasjonstjenesten.no: Modning og utvikling av søvnmønstre

Døgnrytme og kveldsritual

Som oftast er det samansatte årsaker som ligg bak søvnproblem hos barn. Derfor er det nødvendig med eit breitt fokus for å kartleggja kva familien kan endra på for at barnet skal få betre søvn. Kartlegginga bør gje så mykje konkret informasjon som mogeleg om relevant kontekst, problem og ressursar hos barnet og familien, i tillegg til tidlegare løysningsforsøk.

Å etablera ein døgnrytme for barnet slik at ein står opp same tid kvar dag, har faste tider for måltid, dagsøvn og for legging om kvelden er ein god start på å etablera gode søvnvanar. I løpet av dei første levemånadene vert syklusane søvn – vaken og svolt – eting gradvis etablerte. Dette bidreg etterkvart til at dagen med barnet vert føreseieleg.

Les meir om dette teamet på Helsestasjonstjenesten.no: Døgnrytme og kveldsritual

Korleis hjelper du barnet med å sovna?

Foreldre til barn med søvnproblem og nattlege oppvakningar er ofte slitne og kan derfor oppleva alle velmeinte forsøk på å skapa endring som krav som overstig det dei kan klara. Tiltak bør derfor gjerast saman med familien og basera seg på ei realistisk vurdering av kva det er mogeleg å få til.

Kor mykje støtte barnet treng for å finna søvnen varierer frå barn til barn. Nokre barn søv best saman med foreldra, mens andre søv best i eiga seng. Nokre foreldre er komfortable med å sova saman med barnet og å amma om natta i lengre tid enn det andre er. Ingen familiar er like og kvar familie må finna ut kva som fungerer for dei. God kunnskap om søvn og søvnvanar er imidlertid ein god start på å etablera søvnvanar som passar for barnet og familien.

Les meir om dette teamet på Helsestasjonstjenesten.no: Korleis hjelper du barnet med å sovna?

Nattlige oppvakningar

Dei første månadane vaknar barnet om natta for mat, og dei første tre månadane treng dei fleste spedbarna hjelp til innsoving og ofte òg til å sova vidare ved oppvakningar om natta. Etter kvart som barnet blir større og begynner med fast føde treng det ikkje lenger mat om natta, og med aukande alder aukar òg barnet si evne til sjølv å regulera søvnen.

Det er gjerne i den lette søvnen i overgangen frå ein syklus til den neste at barnet vaknar opp. Når barnet er i lett søvn rører det på seg og kan gjerne opna augo. I denne fasen kan det vera lett å mistolka barnet sine signal og ta det opp før det eigentleg er helt vake [1]. Foreldre kan lett tolka oppvakningar mellom søvnsyklusane som uttrykk for svolt, smerte, angst eller einsamheit. Vanlege strategiar for å trøysta og roa ned barnet er då å amma, gje flaske, bera og byssa det, sitja saman med det, eller å halda barnet inntil seg og snakka med roleg stemme.

Les meir om dette temaet på Helsestasjonstjenesten.no: Nattlige oppvakningar

Mareritt, nattskrekk og søvngåing

Mareritt førekjem oftast tidleg på morgonen under REM- søvn. Skildringa av draumer er meir forseggjord hos eldre barn enn hos småbarn, og det heng saman med språkutviklinga. Fordi muskeltonus og mobilitet er aktivt hemma under REM-søvnen, er kroppsleg rørsle sjeldant under mareritt.

Etter at barnet har vakna kan det vera vanskeleg for det å sovna igjen. Nokre mareritt kan avta ved tryggleik og at foreldra roar barnet. Det kan òg vera godt å snakka om marerittet med den vaksne. Viss barnet har tilbakevendande mareritt kan det vera til hjelp om det saman med den vaksne diktar opp ein ny meir behageleg slutt på det som hende i marerittet.

Les meir om dette temaet på Helsestasjonstjenesten.no: Mareritt, nattskrekk og søvngåing

Samsoving

Kvar familie må finna sin måte å sova på i forhold til kva dei trivs med og kva som gjev god kvile for både foreldre og barn. Nokre søv saman med barnet heile natta, mens andre lar barnet sovna i eige seng, men legg det over i foreldresenga når det vaknar for nattmåltid. Samsoving kan gjera nattamming enklare, ettersom ein ikkje treng stå opp or senga, og kan dermed bidra til betre kvile og søvn for både mor og barn.

Les meir om dette temaet på Helsestasjonstjenesten.no: Samsoving

Krybbedød

Brå og uventa død i sped- og småbarnsalder (krybbedød) var ei viktig årsak til dødstala blant spedbarn i Norge på 1980-talet. Dei siste 10 åra har krybbedødstala i Norge stort sett lege mellom 15 og 25 i året, mens det tidlegare låg betydeleg høgare.

Mageleie og røyking er kjende risikofaktorar ved krybbedød. Kampanjen for at spedbarn skulle sova på ryggen vart lansert for alvor i 1990 og førte til ein betydeleg nedgang i talet på krybbedødstilfelle.

Les meir om temaet på Helsestasjonstjenesten.no: Krybbesøvn

Kontakt

Ålgård Helsestasjon
Rettedalen 7, Ålgård
E-post
Telefon 51 61 44 90

 

 

 

Åpningstider

Åpningstider mandag til fredag kl. 08:00-15:00.

Telefontid kl. 08:00-14.30.

Tlf: 51 61 44 90

DigiHelsestasjon: Kontakt oss digitalt via Helsenorge

Drop-In: mandager fra kl. 10.00-11.00

 

 

Kart