I Gjesdal kommune har skolene Ålgård, Dirdal og Oltedal nynorsk som hovedmålform. Skolene Gjesdal ungdomsskole, Bærland og Solås har bokmål som hovedmålform.
I ny opplæringslov som trer i kraft august 2024, kan en lese følgende om valg av målform i grunnskoleopplæringen:
Elevar på 1. til 7. trinn skal i det skriftlege arbeidet bruke det skriftspråket som kommunen har vedtatt som hovudmål for skolen. Foreldra til elevane vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.
Når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe. Går ti eller fleire av desse elevane på den same skolen, har dei rett til å få opplæringa der. Er elevane spreidde på fleire skolar i kommunen, avgjer kommunen kva skole dei skal få opplæringa på. Retten til å få opplæring i ei særskild gruppe står ved lag så lenge det er minst seks elevar att i gruppa.
Dersom skolestrukturen i kommunen gjer at elevar må overførast til ein skole med eit anna hovudmål enn elevane hadde på 1. til 4. trinn, har dei rett til å bruke og å få opplæring på det hovudmålet dei hadde. Dei har rett til opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe, same kor mange dei er. (Opplæringsloven § 3-1)