Gjesdal kommune

Forskrift om skulerute 2025-2026, Gjesdal kommune

Forskrift om skulerute 2025-2026, Gjesdal kommune

§ 1. Føremål og verkeområde 

Forskrifta gir informasjon om kva for skule- og feriedagar elevane har i skuleåret 2025–2026. Elevane har rett og plikt til å møta på skulen på dei fastsetja skuledagane. 

 Forskrifta gjeld for elevar ved alle grunnskolar i Gjesdal kommune skuleåret 2025–2026. 

 § 2. Felles datoar 

Det er fastsett i opplæringslova at opplæringa skal strekka seg over minst 38 skuleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker. 

 Datoar for oppstart og avslutning av skuleåret, og dessutan haustferie veke 41, juleferie, vinterferie veke 9 og påskeferie, er felles for alle skular. Elevane skal ha minimum 190 skuledagar. 

 § 3. Planleggingsdagar 

Planleggingsdagar for skulane blir fastsette i samarbeid med organisasjonane til tilsette. Skulen har seks planleggingsdagar per skuleår. Desse dagane er felles for alle skulane i Gjesdalskulen og ligg på dagar utanfor dei 190 skuledagane til skuleruta. Skule og barnehage legg opptil så mange felles planleggingsdagar som mogleg. 

 På nærare vilkår, og etter at samarbeidsorganet til skulen, elevar og foreldre har fått tilgang til å uttala seg, kan det gjerast justeringar av planleggingsdagar for kvar enkelt skule. Dette skal godkjennast av kommunedirektøren. 

§ 4. Skuleruta 2025–2026   

 

§ 4. Skuleruta 2025–2026
Månader Merknader, ferie, fri Skuledagar
August Torsdag 14. august er skulestart for elevane 12
September 22
Oktober Haustferie veke 41 (Måndag 6. t.o.m - fredag 10.) 18
November Fri for elevane 14. november 19
Desember Fredag 19.desember er siste skuledag før jul 15
Januar Måndag 5. januar er første skuledag etter jul 20
Februar Vinterferie veke 9, måndag 23.februar t.o.m fredag 27.februar 15
Mars Påskeferie veke 14 frå måndag 30. mars 20
April Påskeferie til og med måndag 6.april 18
Mai Fri fredag 1. mai (off. høgtidsdag) Fri Kristi himmelfartsdag torsdag 14. mai Elevfri fredag 15. mai Fri 2. pinsedag måndag 25. mai 17
Juni Torsdag 18.juni er siste skuledag for elevane 14
Sum skuledagar 190