Mer informasjon om pakkeforløp
Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gi deg som pasient eller pårørande eit behandlingsløp som er heilskapleg og føreseieleg, utan unødig venting. Du skal få meir innflytelse på behandlinga, og ho skal evaluerast systematisk undervegs.
Økt brukarmedverknad og brukartilfredsheit er sentrale mål i pakkeforløp for psykisk helse og rus. Det er du som er eksperten på eige liv, og som veit kva som er viktig for deg. Derfor er det dine synspunkt og behov som blir lagde til grunn. Du bidrar sjølv til å finne den behandlinga som passar best for deg.
Slik verkar pakkeforløpet:
FILM: https://youtu.be/Dzk_535fzMA
Pakkeforløpa gjeld for ein stor del av pasientane innanfor psykisk helse og rus. Det er pakkeforløp for utgreiing og behandling barn og unge, vaksne og innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Det er òg utvikla pakkeforløp for fleire tilstandsspesifike forløp som for eksempel psykose, tvangslidingar og spiseforstyrringar.
Oversikt over alle pakkeforløp og retningslinjer (Helsedirektoratet):
https://www.helsedirektoratet.no/tema/psykisk-helse
Eit sentralt grep for å sikre god samhandling og oppfølging, er bruk av forløpskoordinator både i kommunen og i spesialisthelsetenesta. Forløpskoordinatorane skal vere med på å sikre at utgreiing, behandling og oppfølging er individuelt tilpassa og skjer utan unødig venting. Med pakkeforløp skaper vi pasienten si helseteneste.
Meir om kva pakkeforløp inneber for deg som pasient eller pårørande:
https://helsenorge.no/psykisk-helse/pakkeforlop-for-psykisk-helse-og-rus/hva-er-pakkeforlop-for-psykisk-helse-og-rus
Sist endret 07.08.2024 13.40