Det er krigen i Ukraina som er bakgrunnen for at IMDi nå har bedt kommunane om å ta imot langt fleire flyktningar enn planlagt. Kommunedirektørane i Time, Klepp, Hå og Gjesdal er positive til å følga oppmodinga frå IMDi.
– IMDi har oppmoda oss om å ta imot langt fleire enn det med opprinneleg har vedteke. Me er positive til å få dette til, og skal sørga for at flyktningane blir godt mottatt i Time, seier Trygve Apeland, kommunedirektør i Time.
Dei ukrainske flyktningane har fått innvilga kollektiv midlertidig beskyttelse, og har då krav på mellom anna skule, barnehage og helsetenester.
– Det er klart at det er ressurskrevjande å ta imot så mange fleire enn planlagt, og me arbeider nå med å styrka fleire av tenestene våre slik at dei som kjem får eit godt tilbod, seier Torild Lende Fjermestad, kommunedirektør i Klepp.
Det vil vera behov for mellom anna fleire bustadar og frivillige, og den enkelte kommune vil informera meir om dette på nettsidene sine. Det same gjeld om det vert behov for fleire tilsette i mellom anna skule og barnehage.
- Å motta så pass mange flyktninger vil utfordre flere av tjenestene våre. Jeg har stor tro på at vi skal få til dette sammen. Vi ser at både kommunens ansatte og frivilligheten virkelig bidrar for å hjelpe mennesker på flukt fra krig. Mange av flyktningene har opplevd helt forferdelige ting, men i Gjesdal har vi mange som virkelig ønsker å hjelpe, seier Pål Larsson, kommunedirektør i Gjesdal.
Det er kommunestyra i dei fire kommunane som gjer vedtak om kor mange flyktningar skal busettast i 2022. Kommunedirektørane kjem nå til å legga fram sak om dette, og alle vil innstilla på at kommunane følger oppmodinga frå IMDi.
– For Hå kommune vil busetting av 165 flyktningar koma på toppen av dei 250 som held til på Hå mottak på Nærland i regi av UDI. Det er ressurskrevjande å bemanna helsetenester, skular og barnehage for så mange flyktningar, samtidig som me er i halen av ein to-årig lang pandemi. Me er vande med å snu oss rundt fort og er fleksible, så me riggar oss nå for å ta godt imot flyktningane som har kome til Nærland – og dei som er underveis frå Ukraina, seier Anne Berit Berge Ims, kommunedirektør i Hå.