Det var første gong i år dette blei gjort. Ordførar Frode Fjeldsbø ønskjer at dette skal bli ein årleg minnemarkering på frigjerings- og veterandagen 8. mai.
Ordførar Frode Fjeldsbø ønska velkommen og sa at han saman med veteranorganisasjonane og forsvaret arbeidar kommunen nå med å innføre eit opplegg for skolane i samband med frigjerings- og veterandagen.
Etter dette haldt områdesjef, Kjell Stangborli talen. Talen kan lesast her (PDF, 135 kB)
Etter talen fekk Ørnulf Tendeland, Gjesdal historie- og ættesogelag, ordet og orienterte om dei personane som er nemnt med namn på ved minnestøtta.
Desse er:
Morten Finnestad, 24 år, Tasta
Torvald Haueland, 24 år, Ganddal
Sverre Tonning Næss, 25 år Stavanger
Arne Fjelland, 24 år, Stavanger
Kristian Helland, 30 år Gjesdal
Georg Petterson, 23 år, Oslo
Lars Kåre Brath, 31 år, Stavanger
Fredrik Oscar Brandt, 47 år Oslo/Finnmark
Ørnulf Tendeland var glad for ordførar Fjeldsbø ønske om at elevane i Gjesdalskolen skal bli betre kjent med den lokale historia. Mange har hørt om Gloppedalsura, men at ikkje mange er klar kva som skjedde i Dirdal.