Vi treng fleire treningskontakter.
Alle treningskontakter må delta på kurs før dei kan starta i oppdrag. Målet med kurset er å utdanna treningskontakar som saman med brukaren kan skapa ei positiv oppleving rundt fysisk aktivitet, og å kunna planlegga aktivitetar og turar ut frå den enkelte brukarens sitt behov og forutsetningar. Deltakerane må vera busett i Klepp, Time, Gjesdal eller Hå kommune.
Kursdatoer er 22 og 23 oktober 2022.
Kurset går over 2 dagar frå kl. 08.30 - 15.30, på Jæren DPS, Bryne.
Kan dette vera noko for deg? Send ein e-post til kontaktpersonen i den kommunen du bur i og oppgir namn, adresse, telefon, fødselsdato og kort om kvifor du ønsker å verta treningskontakt. Så vil me kontakte deg for å avtala eit intervju.
Søknadsfrist: 23.09.22.
Kontaktpersonar;
Time kommune; Helen Bruntveit tlf. 92231714, mail: helen.bruntveit@time.kommune.no
Klepp kommune; Linda Braut tlf. 40039528, mail: linda.braut@klepp.kommune.no
Gjesdal kommune; Dagfinn Hersdal tlf. 90849722, mail: dagfinn.hersdal@gjesdal.kommune.no
Hå kommune; Gry Anette Nærland Njærheim tlf. 41532754, mail: gryanettenaerland.njaerheim@ha.kommune.no