Teststasjon på Kleppe blir avvikla
1. juni blir teststasjonen for PCR-testing på Kleppe avvikla.
Det er ikkje lenger nødvendig å testa seg for covid-19 ved luftvegssymptom.
Dersom ein likevel ønsker å testa seg, kan ein få utlevert gratis hurtigtest på rådhuset i Klepp kvardagar mellom 08.00 og 14.00, eller på bibliotektet i opningstida.
Ved ønske om PCR-test og registrering i koronasertifikat må ein oppsøka private tilbydarar. Legetenesta i kommunane vil testa pasientar med behov for helsehjelp, men har diverre ikkje høve til å tilby test til andre.
Teststasjonen på Klepp har vore i drift sidan pandemien starta i mars 2020, og her har innbyggjarar i Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes tatt koronatest. På det meste har det vore gjennomført 1000 testar dagleg, og det har blitt tatt om lag 240 000 koronatestar på teststasjonen.
Sist endret 22.06.2022 13.16