Gjesdal kommune

Halleventyr i Gjesdal

Halleventyr i Gjesdal

Den 24. februar 2020 var det sperreskål i den nye handballhallen på sentralidrettsanlegget på Solås. Dette vert handballen si nye storstue. Hallen skal stå ferdig utpå seinsommaren. Samstundes vert det bygd fotballhall, og etter påske starter ombygginga av Gjesdalhall 2 som skal verta ein rein turnhall.

Sjølv om det kostar å byggja desse hallane, meiner eg det både er viktig og naudsynt å gjera det. I ein kommune som har ein så ung folkesetnad som Gjesdal, lyt ein satsa på dei unge. Unge og ungar treng høve til å utfalda seg, og til dette treng me hallar. Dette er ei investering i idrettsglede, folkehelse og trivnad. Dette er ei satsing for framtida.

For ei tid tilbake las eg eit fylkeskommunalt dokument som skildra korleis det var bygd idrettshallar og -anlegg i Rogaland. Dokumentet viste at mange av anlegga kom i byane og dei største tettstadane. Men det var òg framheva at somme anlegg kom på mindre stader. Dirdalhallen vart trekt fram som eit slikt døme. Slikt kan gjera ein ordførar stolt.

Dirdalhallen har vorte eit førebilete. Hallen er finansiert på ein spesiell måte. Kommunen betalar ein tredel, staten tek ein tredel gjennom spelemidla, medan idretten sjølv tek den siste tredelen. Denne måten å gjera det på har «smitta». Nysatsinga på sentralidrettsanlegget er basert på ein liknande finansieringsmodell.

Utan denne tredelinga hadde halleventyra i Gjesdal vorte vanskeleg å finansiera. No kjem det hallar i Dirdal, på Solås og om nokre år i Oltedal. Her har lag og organisasjonar gått saman på same vis. Kommunen stiller opp med ein tredel her også. Me i Gjesdal har noko mindre å rutta med enn mange av nabokommunane. Då må me vera både kreative, samarbeidsvillige og litt «gnitne». Når me samarbeider med idrett, lag, organisasjonar og næringsliv – då får me mykje for pengane. Slik løfter me i lag. Slik utviklar me lokalsamfunnet.

 

Frode Fjeldsbø
ordførar